No kan du seie di meining om korleis det er å sykle i Årdal kommune

Utrygt, vanskeleg eller fullstendig… fantastisk? No kan du som syklar jamnleg i Årdal la meiniga di bli høyrt angåande korleis tilrettelegginga for sykling er - og kan bli betre. 

Bak iniativet står Syklistforeningen som har lansert ein landsdekkande undersøking.

Sykkelforeningens banner angåande Sykkelundersøkinga 2024 - Klikk for stort bilete

Sykkelundersøkinga 2024 er ein nasjonal undersøking som samanliknar korleis syklistar oppleve kommunane dei syklar i frå eit brukarperspektiv, i regi av Syklistforeining. Årdal kommune samarbeidar ved å spre undersøkinga.

“Vi ser at det finns en stor interesse for sykling i Norge. Mange vil sykle fordi det er et enkelt, bærekraftig og raskt transportmiddel på korte reiser. Hver person som sykler i hverdagen sparer samfunnet for store penger i helsegevinseter. Ved å lytte til syklistene kan kommunene dra viktig lærdommer om hva som trengs for å få dem til å fortsette å tråkke." seier Eline Oftedal, generalsekretær i Syklistforeningen.

Klarar me i Årdal kommune å få inn svar frå 25 syklistar eller meir på denne undersøkinga får me ein eigen rapport som me kan nytta oss av. 

Undersøkinga er digital og anonym, open for alle som syklar. Du svarar på 28 påstandar om sykkeltilpassingar i kommunen du syklar i. Kommunen vil bli rangert etter seks område: generell tilfredsheit, tryggleik, sikkerheit, framkomleg, tilgjengleg og sykkelens prioritet i kommunen. 

Ynskjer du å delta finn du spørjeskjema her.

Frist for å delta i undersøkinga er 30. juni.