Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal - lokalt vert desse stadane omtala som Tangen og Øvre. Tettstadene er omkransa av dalane; Naddvik (Vikadalen), Nundalen, indre og ytre Ofredal, Seimsdal, Fardalen og Utladalen.
Årdal har gjennom historien utvikla seg frå å vere eit jordbrukssamfunn og vidare til eit tradisjonelt industrisamfunn, til no å vere i forkant av industriell teknologisk utvikling både nasjonalt og internasjonalt. Kommunen har ein stor auke i turisme og det vert arbeidd aktivt med å legge til rette for dei som tek turen til Årdal.
Med vår dramatiske natur med fjelltindar, bratte fjellsider og høge fossefall ligg tilhøva godt til rette for avstressande rekreasjon og friluftsliv sommar og vinter. Kommunen har godt utbygde idrettsanlegg for trening, turnering og konkurranse. Nettsida Visit Årdal vil gje deg god informasjon og tips til aktivitetar i Årdal.
Årdal er eit trygt lokalsamfunn, trafikksikker kommune og medlem i Safe Community.
Sal av bygdebøker og boka Årdal sett ovanfrå