Personvernerklæring, innsynsrett og personvernombud

Erklæringa er meint å gje informasjon til deg og andre brukarar av Årdal kommune sine tenester om korleis Årdal kommune samlar inn og brukar personopplysningar. Den skal gje tryggleik og tillit til at personopplysningar vert handsama korrekt og sikkert i Årdal kommune.  Du har rett til innsyn, og kan ta kontakt med dei ulike avdelingane våre, og be om informasjon om kva personopplysningar vi har om deg, kva dei skal nyttast til og kvar dei er henta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar. I tillegg til innsynsrett etter personopplysningslova har du og rett til innsyn etter offentleglova.

Innsynsrett

Alle har rett til å kreva innsyn etter personopplysningslova og etter offentleglova.

Innsynsrett etter offentleglova
Alle har rett til å kreva innsyn i saksdokument etter offentleglova. Det er ikkje noko krav at du må ha ei sakleg interesse. Sjå offentleglova for meir informasjon.  Her finn du rettleiar til offentleglova og innsynsguiden til Sivilombodet.

Innsyn i dokument kan du bestilla fra postlista vår. Du skal få tilsendt dokumentet innan tre virkedagar. 

Vi jobbar med å få på plass fulltekstpublisering av offentlege saksdokument i løpet av 2023.


Innsynsrett etter personopplysningslova kan du lesa meir om i teksten under.

Personvernerklæring

Personvernombod

Arbeidsoppgåver til personvernombodet:

  • vera kontaktperson mot innbyggjarar og intern rådgjevar/rettleiar i kommunane for tenesteområda, kommunedirektør og administrativ leiing for handsaming av personopplysningar og reglane for dette
  • vera kommunen sin hovudkontakt mot Datatilsynet og gjere undersøkingar i konkrete saker
  • sjå til at behandlingsansvarleg har tilfredsstillande system for internkontroll i kommunen (risikovurderingar, avvikshandtering, rutinar og reglar osv.)
  • ivareta dei registrerte sine rettar
  • peika på brot i regelverk 
  • handtere krav om innsyn, sletting, korrigering med meir
  • halda seg oppdatert på utviklinga innan personvern
  • gjennomføre haldningsskapande arbeid og opplæring i kommunane
  • ombodet skal på ein uavhengig måte vurdere om reglane i personopplysningsloven blir følgd i kommunane

Personvernombodet skal ha eit sjølvstendig rapporteringsansvar til kommunedirektør.

Har du spørsmål?

Kenneth Eidsvåg Oppedal
Personvernombod
E-post
Mobil 90 06 19 58
Pål Strand
Personvernrådgjevar
E-post
Telefon 90 98 06 87
Mobil 90 98 06 87