Personvernombod

Personvernombodet jobbar med å styrke personvernet i Årdal kommune. Ombodet gjev råd til kommunens leiing og tilsette, for å sikre at personlege opplysningar berre vert brukt på ein god og lovleg måte.

Personvernombodet skal

  • informere, og gje råd og anbefalingar om korleis kommunen kan ivareta tilsette og innbyggjaranes personvern og kommunens plikter etter personvernregelverket
  • kontrollere overholdelsen av personvernregelverket og verksemdas interne retningsliner
  • fungera som kontaktpunkt for de registrerte og Datatilsynet.

Kva kan personvernombodet hjelpe deg med?

Personvernombordet kan svare på spørsmål om dine rettigheiter, eller hjelpe deg med å ivareta dine rettigheiter når kommunen behandlar personopplysningane dine.

Korleis kontaktar du personvernombodet?

Du kan kontakte personvernombodet ved å sende e-post til ombudskommune@bergen.kommune.no.