Årdal kommune er ein føregangskommune, og er godt i gang med prosjektet som utvikler ein metode for å planlegge samfunnet mot 2050 og 2090 basert på klima og naturrisiko.
Årdal kommune har sett i gang fleire tiltak for å møte utfordringane knytt til klimaendringar og naturrisiko. Eit sentralt prosjekt starta i april 2024, der kommunen, i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Hydro, utviklar ein metode for å planleggje samfunnet fram mot 2050 og 2090 basert på klima og naturrisiko. Vestlandsforsking og Norce står for metodeutviklinga. Prosjektet varer om lag eitt år, og kommunen oppmodar innbyggjarar og næringsliv til å kome med innspel gjennom heile perioden.
Fleire iniativ som naturmangfaldsplan og Miljøfyrtårn sertifisering, viser Årdal kommune sitt engasjement for å sikre ei berekraftig utvikling og redusere risikoen knytt til klimaendringar og tap av naturmangfald.
Det vil komme ut informasjon fortløpande om prosjektet, og kommunen ber om innspel fra innbyggjarar og næring gjennom heile perioden. Har du innspel, fyll ut vårt elektroniske skjema og send inn.
Prosjektet starta opp 15. april 2024 og vil vare i omtrent i 1 år.
Prosjektet er basert på frivillig deltaking, og Årdal kommune vil takke alle som har bidratt så til eit fantastisk engasjement og høg grad av deltaking.
Klima og natur risiko
Årdal kommune hadde første samling med innbyggararar, næringsliv, frivillige og fleire 18. september 2024. Samlingen vart holdt i teknologiparken, men me nytta Utladalen Naturhus til lunsjpause for å få eit perspektiv på naturen i samlinga. Samlinga vart delt opp i to, da første del før lunsj var presentasjon av risiko, prosjektet, kva arbeid som er gjort, og kva vi treng for å få utført arbeidet. Etter lunsj var det gruppe arbeid, der forskarane hadde utarbeida spørsmål som deltakerne svare på. Her ser de bilder av samlinga, og presentasjonene.
Presentasjon første samling (PDF, 7 MB)



I andre samling var metodene presantert. Vestlandsforsking og Norce jobber seg gjennom forskjellige metoder, og tester ut no om vi kan bruke samme risikomodell som er brukt i klimarisiko til naturrisiko. Me har mykje kunnskap om klimarisiko, men det er jobben med å forutsjå risikoen for naturen samtidig som me jobber med risikoen for klimaendringene som er utfordringen vår. i denne perioden fikk vi kjenne på kreftene til Jakob, og Statnett la ut sin KVU om nye kraftlinjer som vi brukte som bakgrunn for testing.
Her kan de sjå presentasjonane for samlingen og nokre bilder.
Presentasjon samling 2 (PPTX, 27 MB)


Sofie Moen
Den tredje og siste samlinga føregjekk på Rådhuset. Hovedforsamlinga for denne delen som var å teste metoden, var kommunestyret. Det var og innbyggarar samt kommunalt ansatte med på samlinga. Alle fekk ein innføring i plenum på eksempler, som risiko for auka nedbør. Deretter gikk alle i forskjellige grupperom, og jobba med fleire eksempler som grunnforurensing, naturrisiko og reiseliv. Alle gruppene testa ut metodene som er brukt i dette prosjektet. Det vart avslutta etter lunsj med plenumsamling, det bruk av metodene vart diskutert. Prosjektet vil no ikkje ha fleire samlingar, neste steg er å avslutte metodeutviklinga og begynne å skrive risikoanalyser basert på dette arbeidet som er gjort. Det vil bli ein presentasjon av det ferdige produktet. Her kan de sjå presentasjonane og bilder frå samlinga.
Presentasjon tredje samling (PDF, 3 MB)

Sist endra 22.04.2025 09:57