1. Framlegg til skisseprosjekt vert vidareført til eit forprosjekt med alternativ 2, omsorgssenter med 72 bueiningar, produksjonskjøken, ergo/fysioterapi og dagsenter. Forprosjektet må innarbeide justeringar tilpassa til økonomi og handlingsplan, inn i forprosjektet. 2. Økonomi- og handlingsplan, som vart vedteken i desember, må vere rettesnora for økonomien til prosjektet. Det vil seie eit mogeleg låneopptak på inntil 313 millionar kroner. 3. Kortidsplassane som i dag er på ÅBO og lokala som ergoterapi/fysioterapeut i dag har til kontor, trening og lager skal tilbakeførast som omsorgsbustadar. Heimetenesta avdeling Øvre skal fortsett ha tilhald på ÅBO. 4. Det skal parallelt med prosjekt nytt omsorgssenter lagast eit notat over drifts- og investeringskostnader knytt til arbeidet med tilbakeføring og eventuelle endringar som følgje av auka tilsette i heimetenesta og fleire bebuarar på ÅBO. Dette notatet skal seinast leverast ved ferdigstilling av forprosjekt nytt omsorgssenter. 5. Det skal utarbeidast ei oversikt over forventa innsparingar ved samlokalisering av dei føreslegne tenestene. 6. Det skal utarbeidast eit forslag til gjenbruk av bygga som blir fråflytta. Kostnader ved gjenbruk av bygga evt. riving/ombygging skal vurderast i forprosjektet. Det må utarbeidast ein plan for kva ein skal gjere med eksisterande bygningsmasse som blir ståande tom. 7. Prosjektet skal greie ut overflateparkering på festplassen. Kapasitet på parkering skal sjåast i samanheng og må vurderast med i høve totalkapasiteten for Årdalstangen sentrum. 8. Gitt endringane som kjem i forprosjektet framover må ein ta utgangspunkt i å bruke lite tilleggsareal. Det må og vurderast om ein kan bygge eit bygg på fire etasjar. 9. Nytt omsorgssenter skal vere nøkternt og det skal i forprosjektet vere eit fortsatt fokus på å redusere kostnadane ved bygging m.m. Prosjektet skal sjå på gjenbruk der dette er hensiktsmessig. 10. Ei økonomisk usikkerheitsanalyse skal gjennomførast når forprosjektkalkylen føreligg. 11. Formannskapet tek i vare rolla som styringsgruppe i forprosjektfasen. Før oppstart av forprosjektfasen skal kommunedirektøren legge fram eit styringsdokument for forprosjektfasen til godkjenning hjå formannskapet som politisk styringsgruppe. 12. Forprosjektet skal legge til grunn at det skal bli inngått ein totalentreprisekontrakt, og at avtaleformular og kontraktsvilkåra i NS 8407 skal brukast som juridisk standard. 13. Endeleg vedtak om å gjennomføre byggeprosjektet blir gjort når forprosjekt med tilhøyrande kostnadsoverslag, samt utrekning av forventa innsparing ved samlokalisering og kostnadar ved drift av bygg. 14. Kommunestyret ber om avklaring av konsekvensane for resten av tenestene kommunen skal levere og mål ein har sett seg i samfunnsplanen, dersom prosjektet vert dyrare enn budsjettert i økonomi- og handlingsplan 2024-2027 15. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende til kommunestyret med jamleg rapportering i prosjektet, der første rapport på vedtaket vert i kommunestyremøte 20. juni 2024.
|