Tørn

Årdal kommune blei med i prosjektet Tørn i januar 2024. Prosjektet er i regi av KS og vil vere ferdig mai/juni 2025. Ordet tørn kjem av det engelske order “turn”, altså snu.

Bakgrunnen for prosjektet er at Årdal kommune ser at det i framtida vil verte fleire eldre med behov for tenester. Samstundes går den yrkesaktive delen av befolkninga ned.

Me er allereie kome i den situasjonen at me har utfordringar med å rekruttere fagfolk med riktig kompetanse. Mangelen på helsepersonell er ikkje berre utfordrande hjå oss, men også i resten av landet.

Me har reduser tal institusjonsplassar ved Årdal sjukheim. Færre institusjonsplassar førar til eit auka press på dei heimebaserte tenestene våre.

For å framleis kunne tilby gode og forsvarlege tenester frå kompetent personell, er endring nødvendig. Det vil vera behov for å jobba med ein hensiktsmessig organisering av arbeidet og arbeidstida. Det handlar om riktig kompetanse til riktig tid og stad.

Tørn prosjektet omfattar per i dag heimesjukepleie Øvre/Åbo og heimehjelp.

Les meir om Tørn på KS sine sider.

Har du spørsmål?

Hege Terese Olsen
Prosjektleiar - Tørn
E-post
Mobil 94 82 00 73

Hege Terese Olsen er og Årdal kommune sitt hovudverneombod