Slik søker du om teneste hjå PPT
Dersom barnet går i barnehagen bør tilvisinga fyllast ut i samarbeid mellom føresette og barnehagen.
Dersom barnet går på skulen bør tilvisinga fyllast ut i samarbeid mellom føresette og skulen.
Vanlegvis samarbeider føresette med barnehage, skule eller helsestasjon om tilvisinga. Det er òg mogeleg for føresette og tilvise direkte.
Barn kan ikkje tilvisast til PPT utan føresette sitt samtykke. Unge over 15 år kan sjølv ta kontakt eller ta initiativ til tilvising
PPT kan gje råd til skule og barnehage om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gjeve samtykke eller det er tilstrekkeleg anonymisert.
Tilvising på systemsak vert sendt til PPT om ein ynskjer utviklingsarbeid i skule og barnehage.
Skjema som nyttast:
Tilvisning til PPT - barn og elev
Systemsak til PPT - barnehage og skule
Pedagogisk rapport - barnehage og skule
Sakkunig vurdering