Spesialundervisning for vaksne
Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring kan òg ha rett til spesialundervisning. Kommunen og PPT skal vurdera og gje råd om kva den vaksne treng, og kommunen må gjera vedtak om spesialundervisning.
PPT skal gjera ei sakkunnig vurdering dersom den vaksne ber om det, eller vaksenopplæringa meiner nokon treng spesialundervisning.
Kven kan få tilbodet?
Vaksne:
- med nedsett høyrsel/døve som treng opplæring
- synshemma som treng opplæring
- med språk-, stemme- eller talevanskar som treng opplæring
Vaksne som etter opplæringslova:
- ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
- har særleg behov for å hjelp til å vedlikehalde eller utvikla grunnleggjande ferdigheiter
- treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade
Rettleiar spesialundervisning for voksne
Tilvisning til PPT - vaksne