Skulane i Årdal skal ha ein mobbefri med eigne tiltaksplanar for mobbing i skulen.
Eleven sitt miljø
Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø, utan mobbing. Å ha det trygt og godt på skulen er ein rettigheit alle elevar har, og det er di oppleving av korleis du har det som er avgjerande.
Alle tilsette på skulen har ei plikt til å medverka til at du har det trygt og godt på skulen. Mobbing er ikkje alltid lett å oppdaga. Det er difor viktig at du tør sei frå til ein vaksen du stolar på. Er det vanskelet, kan du kontakta helsesjukepleiar.
Viss barnet ditt vert mobba, eller andre barn du kjenner, tek du kontakt med skulen og ber om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor. Du kan ringa eller senda e-post. Dette gjeld og dersom det er ditt eige barn som mobbar andre barn.
Ved alvorlege krenkingar kan du og sei frå til politiet. Du kan tipsa politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Det er også høve til å anmelda saka.
Dette skal skulen gjera om barnet ditt vert mobba:
- Ta opplevinga til barnet ditt på alvor.
- Ta ansvar for kontakt med dei andre foreldra som er involvert.
- Undersøka saka, men særleg vekt på at elevan skal bli høyrt.
- Laga ein skriftleg plan med tiltak for korleis barnet skal ha det trygt og godt på skulen, utan krenkingar og mobbing.
- Følgja opp plan og sjåom tiltaka fungerar i dialog med deg og barnet ditt.
- Dersom barnet ikkje har det bra, skal tiltaka vidareførast. Eventuelt skal ytterlegare tiltak vurderast.
- Avslutta plan når barn og foreldre opplever skulemiljøet som trygt og godt.
Om mobbing ikkje stoppar etter at du har sagt i frå, eller du opplever at skulen ikkje føl opp, kan du melda saka til fylkesmann. Barneombodet har ein eigen mal/skjema der du kan fylla inn din klage.
Fylkesmann vil kun handsama saken dersom de i framkant har teke saka opp med rektor, og det har gått minst ei veka frå saka vart teken opp med skulen.
Om Fylkesmann kjem til at skulen ikkje har gjort det den skal, kan Fylkesmann i eit enkeltvedtak avgjera kva skulen skal gjera og sjå til at eleven får eit trygt og godt skulemiljø.
Du har også rett til å verta høyrt. Av og til sårar me andre fordi ein sjølv er såra eller sint, og det utviklar seg til noko meir fordi dei vaksne ikkje klarar å stoppa det og ein sjølv ikkje veit korleis. Andre gonger kan ein ha vore tilstades i ein mobbesituasjon utan å ha gjort noko for å stoppa det, eller ein har sagt noko ein meinte på tull, som har krenka ein annan elev. Det at ein sjølv ikkje tykkjer ein mobbar, betyr ikkje at det ikkje er mobbing. Om du er i tvil om du har mobba nokon, må du snakka med ein vaksen du stolar på. Du har rett til å få hjelp, sjølv om du kanskje har gjort noko du angrar på.
Alle elevar har rett til å ha det bra på skulen. I opplæringslova §9a-2 står det at elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Om tilsette ved skulen har mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev vert utsett for krenkande ord, mobbing, diskriminering, vold eller rasisme, skal vedkomande undersøka saka med ei gong og leiinga skal varslast.
Skulane har aktivitetsplikt for alle tilsette. Dette medfører at alle tilsette har plikt til å følgja med på om elevane har det trygt og godt, og at dei aktivt skal gjera ein innsats for å avdekka mobbing. Det er leiinga på skulen som skal syta for at plikta vert ivareteken, og at det er implementert gode rutinar for dette. Aktivitetsplikta betyr at skulen sine tilsette skal følgja med, observera og lytta til elevstemma i det dagleg, i alle faglege og sosiale aktivitetar. Skulen må syta for at alle tilsette er kjent med kva aktivitetsplikt betyr og skulen sine rutinar for å avdekka mobbing må inngå i skuloen sin handlingsplan.
Sist endra 05.01.2023 15:25