Her finn du informasjon om skuledagen og skuleskyss til og frå skulen.
Ved skulane i Årdal er det skulestart kl 08:30 måndag til fredag.
Skuledagen varar til 13:00 for 1. - 4. klasse og 14:15 for 5. - 10. klasse.
Skuleskyss i grunnskulen
Du har rett på fri skuleskyss om
- du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skole. For fyrsteklassingar er avstanden 2 km. *
- du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og skule.
- du har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skule. Kommunen gjer vurdering om avstanden er under skyssgrensa.
- det er naudsynt med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og skule
- eleven har ikkje rett til fri skoleskyss i samband med SFO og leksehjelp.
*Avstanden er rekna ut frå Vestland Fylkeskommune sine kartdata og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole
Eleven eller føresette fyller ut søknadskjemaet om skuleskyss leverer dette til skulen. Har eleven delt bustad må skjema for stadfesting om dette bli levert saman med søknaden.
Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skuleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand. Fylkeskommuen gjer vedtak i slike saker etter at dei har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skulen. Det er viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen.
Skulane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Dei handsamar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at dei har motteke naudsynte opplysningar.
Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skuletid.
Elevar som bur i delt bustad kan ha rett på skyss til to adresser. Det er ikkje krav om absolutt 50/50 omsorgsdeling, men delt bustad skal vere reell og dokumentert. Samværsordning gir ikkje skyssrett. Eleven må levere skjemaet for "Stadfesting av delt bustad" når dei søker om skoleskyss.
Elevar som har rett på skoleskyss, får eit eige skysskort.
Skoleskyssordninga dekker ikkje:
-
Reiser etter SFO og leksehjelp
-
Transport i samband med ekskursjonar og andre aktivitetar i skuletida, samt utplassering i ungdomskole.
-
Reiser på ferie- og fridagar.
Skoleskyssportalen blir brukt av:
Skoleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn.
Sist endra 05.01.2023 15:24