Du kan søka om fri frå undervisning i inntil 10 dagar kvart skuleår.
Her finn du informasjon om kva du bør ta omsyn til og korleis du søker.
Du bør unngå å søka fri for eleven:
- Når eleven skal ha eksamen eller tentamen
- Under store prosjekt eller gruppearbeid
- Under nasjonale prøvar og andre kartleggingar
- I oppstart av skuleåret
- Om eleven har unormalt høgt fråvær
Som føresett er det ditt ansvar å sjå til at eleven føl undervisninga i permisjonstida. Da kan du følgja dei arbeidsplanar som er sett opp i veke eller periodeplan.
Det er ingen søknadsfrist, men hugs å søka i god tid før du ynskjer eleven fri frå undervisninga.
Du loggar deg inn på foresattportalen ved å klikka på denne lenkja og så nytta elektronisk ID. Når du så har logga inn trykkjer du på knappen “Søknader”, velja “Permisjonssøknad” og følgja stega derifrå.
Ein kan ikkje søkja om permisjon i Min skole-appen, det er den ovannemnde framgangsmåten som gjeld.
Du vil normalt få svar på søknaden innan 10 virkedagar.
Sist endra 03.09.2024 10:57