Bustønad

Bustønad er ei statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Kven kan få bustønad?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva  grenser for inntekt som gjeld. No kan du og søkja bustønad til private bukollektiv.
Sjekk om du kan få bustønad på Husbanken sine nettsider

Korleis søkja?

For å behandla søknaden din treng vi informasjon om buutgiftene dine. Informasjon om inntekta di vert henta automatisk.

Vedlegg til søknaden:

  • Husleigekontrakt, dersom du leiger bustad. Dei som leiger kommunal bustad treng ikkje å leggja ved husleigekontrakt.
  • Nedbetalingsplan på bustadlånet ditt, dersom du eig bustad. Vi treng også dokumentasjon på lånebeløp, når lånet er utbetalt, løpetid, kjøpsår bustad osv.
  • Dokumentasjon på eventuelle fellesutgifter,

Slik søker du bustøtte : Søk bustønad på Husbanken sine nettsider.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er den 25. kvar månad. Utbetaling av bustønad er den 20. kvar månad.

Kva skjer vidare?

Får du bustønad, vert søknaden din automatisk overført til neste månad, dersom det ikkje har skjedd endringar. Får du avslag fordi du har for høg inntekt ein månad, vert søknaden din automatisk overført til neste månad.

Hugs å melda frå om endringar

Har inntekta di gått opp eller ned? Eller har nokon flytta inn eller ut av husstanden din? Skal du flytta? Hugs at du har plikt til å melda frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for utrekning av bustønaden. Meld endringar på Husbanken sine sider her.

Klage

Dersom du meiner at noko er feil i vedtaket, kan du klaga innan 3 veker frå du mottok vedtaket.

Klagen kan du sende til:
Bustadkontoret
NAV Årdal
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Har du spørsmål?

Cathrine Stedje Jørgensen
Sakshandsamar NAV - Bustadkontoret
E-post
Telefon 41 29 25 76