Treng du arbeidsretta oppfølging?
Kvalifiseringsprogram (KVP) tiltak for å kome i jobb.
Kven kan få tilbodet?
Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod for personar mellom 18-67 år som treng tett oppfølging, opplæring og arbeidstrening for å koma i aktivitet og arbeid.
Kva kan du få hjelp til?
Dersom du har levd på sosialhjelp over lang tid, eller står i fare for å koma i ein slik situasjon, kan kvalifiseringsprogrammet vera eit godt tilbod. Her finn du meir informasjon om kvalifiseringsprogrammet .
For å avklara om kvalifiseringsprogrammet eller andre tiltak gjennom NAV kan vere aktuelt for deg bør du ta kontakt med rådgjevaren din eller avtale ein time ved NAV-kontoret. For meir informasjon om ulike verkemiddel gå til : Oppfølging og tiltak for å komme i jobb.
Sist endra 22.12.2022 13:07