No kan du søkje om sosialhjelp digitalt
Du kan no søkje om sosialstønad digitalt gjennom NAV si nye løysing. Den nye løysninga gjer at du kan søkje heimefrå, heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
For å søkje sosialstønad digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysninger som Buypass eller Comfides.
Treng du hjelp?
Treng du hjelp til utfyllingen, kan du ringje NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Du kan også få hjelp på NAV-kontoret i opningstida. Om du av ulike grunner ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialstønad, kan du framleis møte opp på NAV-kontoret eller nytte papirsøknad.
Mer informasjon
For meir informasjon nytt vegvisaren økonomisk sosialstønad nav.no