Ved søknad om endring av eksisterande eigedom (arealoverføring) vil det bli gjort eit vedtak med heimel i plan- og bygningslova.
Dersom du samtidig ønsker gjennomført oppmålingsforretning på grunnlag av vedtaket, må du sende inn krav om matrikulering, herunder rekvisisjon om oppmålingsforretning.
Dersom du samtidig ønskjer å få gjennomført oppmålingsforretning på grunnlag av vedtaket, må du sende inn krav om matrikulering, rekvisisjon om oppmålingsforretning - her
Kven kan søkje?
Arealoverføring (endring av eksisterande matrikkeleining) kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere søknad om deling og oppmålingsforretning, jf. matrikkellova § 9
Kva skal søknaden innehalda?
Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett
Situasjonskart – målsett aktuelt areal på situasjonskartet så nøyaktig som mulig. Tilkomst til tomta og vatn- og avløpsledningaer må teiknast inn.
Tiltaket må nabovarslast. Opplysningar gitt i nabovarsel og kvittering for nabovarsel må sendast inn.
Vilkår
Sjå rettleiing for arealoverføring.
Saksgang
Før søknad blir sendt til kommunen, må tiltaket nabovarslast (naboliste). Eventuelle merknader skal vere mottatt av ansvarleg søkar/tiltakshavar innan 2 veker etter at nabovarselet er sendt partane det vedkjem. Søknaden som blir sendt til kommunen skal også innehalde eventuelle innkomne merknader og ansvarleg søkar/tiltakshavar si utgreiing til merknaden(ane) og eventuelle endringar som er gjort. Sjå og dibk.no
Når søknaden er registrert i kommunen, blir det gjennomført ein enkel dokumentkontroll. Er det manglar i søknaden, orienterar vi om dette. Er det behov for behandling/uttalar frå andre offentlege instansar, sørgjer kommunen for innhenting av desse.
Vedtaket blir gjort med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkjaren med kopi til eventuelle parter som har hatt merknader til søknaden.
Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også bli behandla av landbruksstyresmaktene i samsvar med Jordlova § 12. Dette blir gjort etter at bygningsstyresmaktene har fatta vedtak.
Gebyr
Skjema
rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 179 kB)
Erklæring om arealoverføring
Nabovarsel
Opplysningar gitt i nabovarsel
Kvittering for nabovarsel.
Lover
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Plan- og bygningslova
Jordlova