Deling av eigedom

Skal du dele frå ei tomt eller endre eigedomsgrenser for eigedomen din, må du søke kommunen om løyve. 

Kven kan søkje?

Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfellene der det er eit firma som er eigar av eigedommen vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato. jf. matrikkellova § 9 

Sjekk dette først

  • Er det reguleringsplan som gjeld for området og kva er området regulert til? 
  • Er det kommuneplanen sin arealdel som gjeld for området og kva er planføremålet?
  • Er området utsett for fare eller vesentleg ulempe som følge av natur- eller miljøforhold?
  • Forhold knytt til tilkomst, vatn og avløp? 
  • Gjeld det deling av landbrukseigedom? Då er det nødvendig med samtykke frå landbruksleiinga i kommunen.
  • Om eigedomen er utfordrande å bygge på bør du vurdere å søke om byggeløyve samtidig. Sakene vil då bli behandla parallelt.

Kva skal søknaden innehalde?

  • Søknad om deling av grunneigedom - Skjema (PDF, 179 kB) (skjema må skrivast ut i A3 format. Ta kontakt med kommunen ved behov), 
  • Situasjonskart - Kommunekart – målsett aktuelt areal på situasjonskartet så nøyaktig som råd. Tilkomst til tomta og vatn- og avløpsleidningar må teiknast inn.
  • Tiltaket må nabovarslast. Opplysningar gitt i nabovarsel og kvittering for nabovarsel må sendast inn.
  • Ny (og gamal/eksisterande) tomt må vere sikra lovleg tilgang til veg, vatn og avløp. 

Saksgang

Før søknad blir sendt til kommunen, må du varsla naboen (nabovarsel). Eventuelle merknader skal vere mottatt av ansvarleg søkjar (tiltakshavar) innan 2 veker etter at nabovarselet er sendt til partar dette vedkjem. Søknaden skal også innehalde eventuelle innkomne merknader og ansvarleg søkjar si utgreiing knytt til merknaden(ane) og eventuelle endringar i søknaden. Sjå også sidene til Direktoratet for byggkvalitet. 
Når søknaden er registrert i kommunen, blir det gjennomført ein enkel gjennomgang av søknaden. Manglar der noko i søknaden vil denne informasjonen bli etterspurt. Kommunen sørgjer for å innhenta uttalar frå andre offentlege instansar, ved behov. 

Vedtaket blir fatta med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkjar med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden. Saksbehandlingstid for delingssaker er enten 3 eller 12 veker frå søknaden er komplett.
Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden og handsamast av landbruksstyresmaktene i samsvar med Jordlova § 12. 

Gebyr:

Oppretting av matrikeleining
1.1.1 Oppretting av grunneigedom Pris
a Areal frå 0 til 2000 m² kr. 33.180
b Areal frå 2001 m² til auke per påbegynt dekar kr. 790
c Areal over 20000 m² til minstepris eller medgått tid kr. 39.500
d Oppretting av grunneigedom med utsatt oppmålingsforretning kr. 16.590
1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn Pris
a Areal frå 0 til 500 m² kr. 33.180
b Areal frå 501 til 2000 m² kr. 33.180
c Areal frå 2001 m² til auke per påbegynt dekar kr. 790
1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon Pris
Gebyr for oppmåling av uteareal per eigarseksjon
a Areal frå 0 til 50 m² kr. 9.480
b Areal frå 51 til 250 m² kr. 12.640
c Areal frå 251 til 2000 m² kr. 23.700
d Areal frå 2001 m² til auke per påbegynt dekar kr. 790
1.1.4 Oppretting av anleggseigedom Pris
Gebyr som for oppretting av grunneigedom
a Volum frå 0 til 2000 m³ kr. 33.180
| Volum frå 2001 m³ til auke per påbegynt 1000 m³ kr. 790
1.1.5 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid


Sjå betalingsregulativ
Skjema legg inn
(Link til skjema)

Rekvisisjon frådeling oppmåling Årdal kommune (PDF, 179 kB)
Nabovarsel  
Opplysningar gitt i nabovarsel  
Kvittering for nabovarsel. 

Lover 
Plan- og bygningslova
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Jordlova


Sjå også 
Eigedomsinformasjon 
Kommunekart