Grensepåvising

Klarlegging av eksisterande grenser.

Grensepåvising (klarlegging av eksisterande grense) blir utført over både tidlegare koordinatfesta eigedommar (eigedommar som er etablerte ved målebrev eller matrikkelbrev) og ikkje tidlegare koordinatfesta eigedommar (eldre eigedommar som er etablert ved skylddelingar/utskiftingar eller tilsvarande). 

Ved grensepåvising blir det alltid gjennomført oppmålingsforretning som tek utgangspunkt i eigedomsbeskrivande dokument. Desse blir granska/tolka og sett opp mot grensemarkeringar som ein finn i terrenget. 

Klarlegging av eksisterande grenser er heimla i matrikkellova og matrikkelforskrifta

Kven kan søkje? 

Grensepåvisinga kan søkjast på av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest søkja om grensepåvising (klarlegging av eksisterande grense). 

Kva skal søknaden innehalde? 

  • Skjema for oppretting eller endring av matrikkeleining/deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning.
  • Målebrev, skylddeling ev. anna dokumentasjon over eigedomen.
  • Situasjonskart der det går fram kva grensepunkt som skal klarleggast/påvisast.  Kommunekart finn du her

Saksgang 

Når søknaden er registrert i kommunen, vert det gjennomført ein enkel gjennomgang av søknaden. Er det manglar, orienterar vi om dette. 

Dersom kriteria er oppfylt, vil varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning bli sendt til søkjar og naboar til felles grenselinje. 

Etter at oppmålingsforretning er gjennomført vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedomane som har fått endra grense. Matrikkelbrevet blir oversendt søkjar og naboar til felles grenselinje. 

Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker. 

Gebyr 

Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt eller klarlegging av rettar
Punkt Teneste Pris
a For inntil 2 punkt kr. 9.480
b For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr. 1.580
c Gebyr for klarlegging av rettar blir fakturert etter medgått tid

Skjema

skjema fin du her (PDF, 179 kB)

Lover

Matrikkellova 
Matrikkelforskriften 

Sjå også 

Eigedomsinformasjon