Justering av grenser

For å gjere eigedomsgrensene meir tenlege kan du søkje om grensejustering.

Grensejustering/makeskifte

For å få grenser mellom eigedommar meir tenelege kan ein foreta ein grensejustering. Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast mellom eigedommane.

Ved grensejustering/makeskifte kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle eigedommane, jf. matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34. Storleik areal kan overførast ved arealoverføring eller frådelast og seinare eventuelt samanslåast. Ved grensejustering kan arealet for involverte eigedommar aukast eller reduserast med inntil 5 prosent av den minste eigedommen, men maksimalt 500 m². Ein eining kan likevel ikkje avgje areal som i sum overstig 20 prosent av eininga sitt areal før justeringa. Grensejustering skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av dei involverte einingane med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp. 1G

Med makeskifte meinast gjensidig overføring av areal mellom to eigedomar. Areala skal vere nokolunde like i storleik og verdi.

Panterett fell vekk i areal som avstår frå ei matrikkeleining ved grensejustering, og panterett i matrikkeleininga som får tillagt areal blir utvida til også å gjelde dette.

Ved grensejustering treng det ikkje utferdigast skøyte, da partane si underskrift i protokollen erstattar dette.

Kven kan søkje?

Grensejustering kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedommen blir det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.

Kva skal søknaden innehalde?

Ved rekvisisjon av grensejustering kan dette skjemaet nyttast. Dersom ikkje dette skjemaet nyttast blir det forlanga underskrift av rekvirentane på eit anna dokument. Rekvisisjonen skal ha underskrift av registrerte eigarar og registrerte festarar til dei matrikkeleiningane som skal ha endra grense. Søknaden skal sendast kommunen og skal innehalde forslag til ny grense tegna inn på kartutsnitt, kopi av målebrev/ matrikkelkart eller situasjonskart.

Kva får du?

  • Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa.
  • Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt matrikkelbrev. 

Kva kostar det?

Grensejustering
1.3.1 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn Pris
Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5% av den minste eigedomen sitt areal. (Maksimalgrense er sett til 500 m²). Ein eigedom kam imidlertid ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa. For grense- og justering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelde.
a Areal frå 0 - 250 m² kr. 11.060
b Areal frå 251 - 500 m² kr. 12.640
1.3.2 Anleggseigedom Pris
For anleggseigedom kan volum justerast med inntil 5% av anleggseigedomen sitt volum, men den maksimale grensa blir sett til 1000 m3
Areal frå 0 - 250 m3 kr. 12.640
Areal frå 251 - 1000 m3 kr. 15.800

I tillegg kjem tinglysingsgebyr 

Slik søkjer du

Saksgang

Etter at søknaden er handsama og løyve er gjeve, vil varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning bli sendt til heimelshavar samt naboar til den aktuelle grensestrekninga. Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling.  Etter at oppmålingsforretning er avholdt vil det bli utarbeida matrikkelbrev for eigedomane som har fått endra grense. Matrikkelbrevet blir oversendt søkjar.

Lov og forskrift