Dersom det ikkje lenger er ønskjeleg at eigedomen skal vere eit sameige, kan du be om at seksjoneringa blir sletta.
Sist endra 31.01.2022 14:25
Korleis be om sletting?
Dersom eit eigarseksjonssameige skal løysast opp, må eigedomen reseksjonerast. Skjema for avlysing av eigarseksjonering må fyllast ut. Alle heimelshavarar må signere, og alle signaturar må vere originale. Nummer på grunnboksblad for seksjonane bør også påførast. Eventuelle panthavarar sitt samtykke må ligge føre i original form.
Dersom det ligg føre uråderett over eigedomen, må det også sendast inn samtykke til sletting fra uråderettshavar i original form.
Skjema for reseksjonering