Frivilligsentral på Årdalstangen

Sentralen på Tangen er lokalisert ved torget på Årdalstangen og skal arbeide for heile Årdal. 
Sentralen skal ikkje konkurrera med Gamleskulen i Øvre Årdal, men jobbe på ulike område. Den skal heller ikkje erstatte allereie eksisterande frivilligtilbod eller tenesta, men bidrege med koordinering og sjå moglegheita i heile kommunen.

I sommar er frivlligsentralen på Tangen i ein oppstartsfase og vil vere det fram mot hausten. Utover hausten vil sentralens arbeidsområde utviklast etter behov og kor det bør leggast ein satsing.

Allereie no er sentralen på jakt etter frivillige. Ynskjer du å bidra som frivillig enten som drop-in når det kunne passe deg eller på fast basis er opp til deg. Sentralen ynskjer begge deler velkomne. 

Meld deg elektronisk på dette skjema.

Henrik Foss er konstituert leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen.

Sentralen vil ha følgjande opningstider i sommar frå veke 29:

Mandag: 10:00 til 14:00
Tysdag: 10:00 til 14:00
Torsdag: 12:00 til 18:00

Du finn Frivilligsentralen på Årdalstangen, Statsråd Evensensveg 1.