HeimesjukepleieLytt til tekstenStopp avspillingHeimesjukepleie gir nødvendig helsehjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Heimesjukepleien skal bidra til at personar som treng hjelp skal kunne bu heime lengst muleg. Kva tilbyr me? Hjelpa vert individuelt tilpassa og kan til dømes vera å ivareta grunnleggande behov, oppfølging av medisinsk behandling,hjelp til legemiddelhåndtering, omsorg ved livets slutt. Kven kan få tilbodet? Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa Søk heimesjukepleie her Søknadsskjem i utskriftsformat (PDF, 152 kB) Kva kostar det? Tenesta er gratis Kva skjer vidare? Søknadane vert behandla etterkvart dei kjem inn. Seinast etter 3 veker skal du ha motteke svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar. Klage Du kan klage på vedtak om heimesjukepleie. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 Lover og reglar Helse og omsorgstjenesteloven § 3-2 Pasient og brukerrettighetsloven § 2-1a Sist endra 18.12.2024 14:02