Kva tilbyr me?
Varig behov
Du som har ein varig nedsatt funksjon grunna sjukdom eller skade som medfører behov for hjelpemidler, kan søke Nav Hjelpemiddelsentral om utlån av ulike hjelpemiddel.
Det gjeld til dømes vanskar i høve rørsle, syn, hørsel, kommunikasjon og kognisjon
- Du kan få råd og hjelp frå ergoterapeut i kommunen
Midlertidig behov
Du som har behov for enkle hjelpemiddel til dømes etter ein operasjon eller eit brot, kan låne hjelpemiddel frå kommunalt korttidslager på Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO) i Øvre Årdal.
- Midlertidig behov er tidsavgrensa til 3-6 månader
- Du kan blant anna låne: Krykker, rullator, toalettforhøgar, rullestol med meir
Kven kan få tilbodet?
Du må vere må vere busett i Årdal for å låne hjelpemiddel frå korttidslageret.
- Hjelpemidler skal som hovudregel hentast av bruker eller pårørande
- Hjelpemidler som ikkje lenger er i bruk skal leverast tilbake i reingjort tilstand.
Korleis få tilbodet?
Du kan ta direkte kontakt med ergoterapeut på telefon eller e-post både i høve midlertidig og varig behov for hjelpemidler.
Kva kostar det?
Utlån frå kommunalt korttidslageret er gratis.
Kva skjer vidare?
- Du kan etter avtale hente enkle hjelpemidler på det kommunale hjelpemiddellageret.
- Om du ikkje kan hente det sjøl, kan vi etter avtale levere det ut til deg.
Lover og anna informasjon
Lov om Folketrygd
FinnHjelpemiddel - NAV
NAV hjelpemiddelsentral
Sist endra 14.10.2024 13:56