Følg med på Facebooksida for meir informasjon.
Kva tilbyr me:
Tilbod om å komme på dagsenteret når det er opent. Her vil det vere tilbod om ulike aktivitetar:
- felles måltid
- ulike gruppetilbod som til dømes gåtur, spel, matlaging / baking, såpelaging, quiz, hagearbeid osv.
Opningstider dagsenter:
Tysdag klokka 10 til 13
Torsdag klokka 12 til 15
Dagsenteret er på psykiatrisenteret i Tangevegen 14, Årdalstangen.
Kva kostar det?
Dagsenteret er gratis. Dersom du vil delta på felles måltid, betalar du dette når du er der, kun kontant betaling.
Tysdag lunsj klokka 11:00 - 50 kr
Torsdag middag klokka 14.00 - 100 kr
Korleis få tilbodet?
Søk dagsenter psykisk helse her
Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)
Du vil verte kontakta av sakshandsamar frå tildelingskontoret som gjer ei kartlegging og vurdering av behov. Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage
Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.