Psykisk helseteneste for barn og unge

Psykisk helseteneste for barn og unge er eit lågterskeltilbod for deg som av ulike årsaker trenger støtte og hjelp til livsmestring.

Kva tilbyr me?

Me tilbyr individuell oppfølging samt lågterskel oppfølging ved skulane. 

Det er barne og ungdomskontakt tilstades på barneskulane våre faste dagar pr. veke. 

Barne og ungdomskontaktar har og tilbod om individuell oppfølging. Denne oppfølginga kan vere: 

  • personleg oppfølging og støttesamtalar
  • kognitiv terapi
  • gruppetilbod med “Cool kids”
  • deltakar i tverrfagleg samarbeid der det er aktuelt jfr Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Korleis få tilbodet?

Du kan ta direkte kontakt med barne og ungdomskontakt, Hanne Hestetun (sjå under). 
Barne og ungdomskontakt er tilgjengeleg på tlf. mandag til fredag 08.00-15.00.
Du finn oss i Tangevegen 14, Årdalstangen. 

Kva kostar det?

Psykisk helseteneste for barn og unge er gratis. 

Har du spørsmål?

Hanne Hestetun
Miljøterapeut psykisk helse
E-post
Telefon 90 80 90 80