Kreftkoordinator Årdal kommune
Kreftkoordinatoren vil gjerne vere til hjelp og støtte dersom du eller ein av dine næraste har fått ei kreftdiagnose.
Kva kan kreftkoordinatoren hjelpe deg med?
- kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
- vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid
- ha oversikt over, og informere om relevante tilbod, tenester, kurs og rehabilitering
- kan vere eit bindeledd mellom deg/pårørande og hjelpeapparatet
- sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande
- koordinere og legge til rette for at du og dine får ein best mogeleg kvardag
Nyttig materiell:
Når alvorleg sjukdom rammar - brosjyre (PDF, 219 kB)
Sist endra 07.11.2024 10:06