Kvardagsrehabilitering

Tidsavgrensa rehabilitering kor opptrening i daglege gjeremål skjer i din eigen heim og ditt nærmiljø

Kva tilbyr me ?

  • Samtale, kartlegging og undersøking av din funksjon. I samarbeid med oss lagar du mål for det du synes er viktig å meistre i din kvardag. 
  • Me jobber saman med deg for å nå dine mål.
  • Kvardagsrehabilitering er primært tilrettelegging og trening i ulike kvardagsaktivitetar som til dømes personleg stell, lage seg mat, bli fysisk sterkare, hente posten, handle eller anna
  • Tilbodet er tidsavgrensa til ein periode på inntil 6 veker

Kven kan få tilbodet?

  • Du som har endringar i fysisk funksjon som medfører vanskar med å meistre daglege gjeremål 
  • Du som har behov for opptrening i ein overgangsfase etter rehabilitering eller opphald på sjukehus 
  • Du som bur heime og er motivert for å gjere ein innsats for å nå dine mål 

Korleis få tilbodet?

Du kan ta kontakt med tildelingskontoret i Årdal eller sende ein søknad

Søknadsskjema

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Kva skjer vidare?

Du vil bli kontakta av tildelingskontoret eller den som jobbar med kvardagsrehabilitering 

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50
Natalie Araneda
Ergoterapeut med ansvar for kvardagsrehablitering
E-post
Telefon 48 07 27 21