Legevaktsentral
Telefonsentralen handterar henvendingar til legevakt. Dersom ein treng helsehjelp, og ikkje kan vente på time hjå fastlege, skal ein ringe legevakta og kjem då til legevaktsentralen lokalisert til Lærdal. Sjukepleiarar ved legevaktsentralen har opplæring i å handtere slike henvendingar, og har hjelpeprogram og oppslagsverk som dei nyttar for å kunne gje så rett hjelp som mogeleg. Dersom ein har ringt legevaktsentralen vil ein kunne få råd og rettleiing, få formidla kontakt med lege, eller samtalen vert overført til AMK – sentralen dersom det er akutt behov for helsehjelp.
Legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland
Felles legevakt for dei tre kommunane Årdal, Lærdal og Aurland sida 2015, og lokalisert til Lærdal Sjukehus i 1. etg.
Dei tre kommunane vil samarbeide om vaktberedskapen, og lege i vakt vil vere tilstades på sjukehuset heile natta frå kl 15.30 til kl 8, og på helg.
I kontortida har den einskilde kommune legevakt som før. Dette vil føre til at dersom ein har behov for legehjelp utanom kontortid er oppmøtestad Lærdal. Lege vil framleis komme heim til pasienten dersom dette er naudsynt.
Ring 116 117. Merk: Alle telefonsamtalar til 116 117 blir tatt opp og loggførte.
Ved akutt, alvorleg sjukdom eller skade: Ring 113
Du finn oss, ved Lærdal Medisinske Senter (LMS):