Pakkeforløp rus og psykiatri
Pakkeforløp for rus/psykiatri skal gje deg som brukar eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Du skal heile vegen ha innverknad på behandlinga, og den skal evaluerast systematisk undervegs.
Pakkeforløpet skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester for deg. Det skal sikre god samhandling mellom deg/pårørande og alle tenestene du har kontakt med.
Eit pakkeforløp startar ved at fastlege eller NAV sender ei henvisning til spesialisthelsetenesta. Årdal kommune har ansvar for å sikre at du får naudsynt oppfølging medan du ventar på eventuell behandling frå spesialisthelsetenesta. Kommunen og spesialisthelsetenesta har forløpskoordinatorar som har ansvar for dette arbeidet.
Dersom du allereie har ein koordinator/fagperson i kommunen, blir denne forløpskoordinator.
Har du ikkje ein koordinator/fagperson i kommunen, kan du ta kontakt med forløpskoordinator i kommunen v/Tildelingskontoret. Her kan du få informasjon og råd/rettleiing om pakkeforløp psykisk helse og rus.
Helse Førde har oppnemnd to forløpskoordinatorar:
Svetlana Håland og June Terjedotter Sunde, kontaktinformasjon under.
Du finn meir informasjon om pakkeforløp på Helse Norge sine sider
Sist endra 15.08.2023 12:21