Omsorgsbustad

Omsorgsbustad på ÅBO (Årdal bu og omsorgssenter) er utleigebustader tilrettelagt fortrinnsvis for eldre og personar med ulike typar funksjonssvikt som gjer det vanskeleg å meistre kvardagen i eigen bustad. Du får heimetenester etter individuell vurdering, på same vilkår som andre heimebuande.

Kven kan få tenesta?

  • Søkar må være folkeregistrert i Årdal kommune dei siste 2 åra
  • Det må vera vurdert om søkar framleis kan bu i eigen bustad ved å legge til rette med hjelpemidlar eller andre tiltak
  • Søkar må ha eit omsorgsbehov av varig karakter, men omsorgsbehovet kan ikkje vere så omfattande at ein ikkje kan nytte seg av punktteneste frå heimesjukepleien.
  • Søkar med moderat funksjonssvikt kan tildelast omsorgsbustad når dette kan førebygge ytterlegare funksjonssvikt
  • Søkar må pålage seg flytting til høgare omsorgsnivå, dersom hjelpebehovet blir så stort at punktteneste frå heimetenesta ikkje lengre er nok eller forsvarleg for å ivareta hjelpebehovet til søkar
  • Ved tildeling vil ein gjere ein heilhetsvurdering av bustad og funksjonsnivået til søkar

Søk omsorgsbustad ÅBO her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Leigetakar skriv kontrakt med kommunen, og betaler fastsett månadleg husleige

Omsorgsbustad

Omsorgsbustad
Leige Pris
Omsorgsbustad pr. månad kr. 7632
Hybel pr. månad kr. 3579

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50
ÅBO Sone 1
Mobil 91 63 49 04