Forsøpling

Alle innbyggjarar og alle som ferdast i kommunen har eit ansvar for å unngå forsøpling.

  • Alle innbyggjarar pliktar å vere tilknytt kommunal renovasjon (avfallsinnsamling).
  • Avfall må ikkje leggjast igjen utanfor avfallsbehaldarane, og desse må vere store nok til at lokket kan lukkast til kvar tid.
  • Alle har ansvar for orden og ryddigheit rundt eigne avfallsbehaldarar. Viss det ikkje er sett opp felles avfallsbehaldarar akkurat der du ferdast, skal du ta med avfallet heim.
  • Drivarar av kiosk, gatekjøken, daglegvarehandel og liknande verksemder har ansvaret for å setje opp og tømme avfallsbehaldarar i nærleiken av salgsstaden (forurensingslova § 35).

Forsøpling er ulovleg, og kan både vere svært skjemmande for nærmiljøet og ei mogleg kjelde til forureining. Du har ei sjølvstendig plikt til å ikkje forureine utan løyve (jf. § 7 og § 11 i forureiningslova) og å hindre forsøpling (jf. § 28 i forureiningslova). Vidare betyr det at du har ei sjølvstendig plikt til å stanse, fjerne eller avgrense (setje i verk tiltak) om forureining og/eller forsøpling har oppstått.

Ein form for forsøpling kan vere ulovleg lagring av brukte gjenstandar, til dømes bilvrak, på eiga eigedom. For enkelte kan det òg framstå som ein økonomisk gevinst å dumpe avfall, slik at det blir danna ulovlege avfallsplassar/villfyllingar.

Dumping eller brenning av privat- eller næringsavfall i naturen er forbode, og bryt med ei rekke lover og forskrifter. Alt avfall skal leverast til godkjende mottak. Det er kommunen som har ansvaret for oppfølging av forsøplingssaker. For å følgje opp slike saker etter regelverket, må kommunen kjenne til kven som er ansvarleg for forsøplinga. I omfattande tilfelle, eller der påpeiking av plikt ikkje fører fram, vil kommunen kunne følgje opp med eit formelt varsel om vedtak om pålegg, og tvangsmulkt.

Du kan lese meir om forsøpling på Miljødirektoratets nettsider.

 

Slik kan du gå fram som grunneigar

Om du er kjend med at det er leigetakarar eller nokon andre som er ansvarlege for å ha plassert avfallet eller dei brukte gjenstandane på det aktuelle området, må du få desse til å rydde opp. Informer om plikta til å nytte offentleg renovasjonsordning for hushaldsavfall.

Ved melding om forsøpling, vurderast det om den/dei ansvarlege kan identifiserast. Dette er naudsynt for at kommunen kan følgje opp saka. I saker av stort omfang, der det er brot på regelverket og forsøplinga kan vere skjemmande eller til skade eller ulempe for miljøet, vil den ansvarlege kunne få pålegg om å rydde etter seg. Om dei ansvarlege ikkje identifiserast, og det er snakk om alvorlege saker, der avfallet medfører brot på forureiningslova § 7 om fare for forureining, er det derimot grunneigaren som sit att med ansvaret. Som grunneigar bør du difor tenkje på kva tiltak som kan setjast i verk for å avgrense moglegheita for avfallsdumping. Døme kan vere skilting, sperring/vegbom, rydding av skog/kratt, beplanting, belysning mv.

 

Slik melder du frå om forsøpling til kommunen

Kjenner du til ein plass i nærmiljøet der det blir dumpa avfall, eller er du grunneigar og stadig opplever avfallsdumping på eiga eigedom?

Det er viktig å sikre bevis som eventuelt kan sporast attende til den ansvarlege. Det kan i tillegg vere naudsynt å melde forholdet til politiet. Dette kan i første omgang gjerast av den som oppdagar forholdet eller grunneigaren. Om forholdet har «ukjent forureinar» er det grunneigaren sitt ansvar å rydde opp. Kommunen som forureiningsmyndigheit vil følgje opp saka med mål om at den ansvarlege ryddar opp, og om naudsynt melde forholdet til politiet.

Det er svært viktig at du skildrar avfallet og kvar det er dumpa (adresse, gards- og bruksnummer eller GPS-koordinat), for å gjere det effektivt for forureiningsmyndigheita å prioritere saker, og for å ivareta berørtes og grunneigarar sine interesser. Ta bilete av avfallet og andre gjenstandar som kan identifisere den ansvarlege. Det er viktig at det vert teke bilete både nært og litt på avstand.

Tips kan anonymt meldast via Mitt nabolag

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Prosjektingeniør
E-post
Telefon 95 20 96 73