Frivillig søppelplukking og kartlegging

Reglane for avfallsselskap tillèt i utgangspunktet ikkje finansiering av eigarløst avfall, det vil seie gratis mottak av avfall som er plukka av frivillige. Kommunen har heller ikkje lov til å finansiere mottak av marint eigarløst avfall gjennom renovasjonsgebyret til hushalda. Som regel må dette dermed dekkast sjølv av dei som leverer avfallet, men det finst ordningar som gjer at flinke frivillige ikkje må betale for dette sjølv.

Tilskotsordning frå Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har ei tilskotsordning der ein kan få tildelt midlar til større prosjekt i samband med både opprydding og førebyggjande tiltak. Dette håpar dei kan bidra til gjennomføring av tiltak for å redusere marin forsøpling i Noreg.

Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftingar registrert i einingsregisteret, kan søkje om støtte i forkant av eit prosjekt (minimum 300 000,-). Privatpersonar kan dog ikkje søkje på dette tilskotet!

Fristen for å søkje er 31. januar.

Les meir om tilskotsordninga

 

Refusjonsordning - Hold Norge Rent

Organisasjonen Hold Norge Rent administrerer ei refusjonsordning for handtering av eigarløst marint avfall (avfall du finn i elvar, sjøar, vassdrag, osb.), og er òg finansiert av Miljødirektoratet. Alle kan nytte seg av denne ordninga (òg privatpersonar!), og du kan få refundert utgifter du har hatt når du har rydda marint avfall.

Årdal kommune er distributør for Hold Norge Rent, ta kontakt for å opprette aksjon eller følg med på kommunens heimesider for å bli med på organiserte aksjonar. Ta kontakt for å få utstyr om de ynskjer å ta ein rydderunde i Årdalsnaturen. Dette kan de gjere året rundt, og utstyr vil de få utdelt fra kommunen. Avfallet leverast til Sunde Resirk. Om det er utgifter knytt til ryddinga, kan refusjonsordning brukast.

Les meir om ryddeaksjonar https://ryddenorge.no/ 

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Prosjektingeniør
E-post
Telefon 95 20 96 73