Hageavfall

Hageavfall er alt biologisk nedbrytbart avfall som oppstår i og rundt hagen. Dette kan til dømes vere gras/ugras, lauv, hageplantar, greiner og kvist. Hageavfall som dumpast i friområde og natur reknast som forsøpling, og er ulovleg i hht. Forureiningslova § 28. Kommunen kan påleggje hageeigarar og bebuarar opprydding. Hageavfall kan leverast til næraste gjenvinningsstasjon og mindre mengder kan òg leggjast i matavfallsdunken.

NB! Dette gjeld ikkje svartelista og framande artar. Desse skal ikkje leverast blanda saman med anna hageavfall. Du kan lese meir om dette på Simas sine nettsider.

Spreiing av framande artar og plantesjukdommar

Hageplantar som spreiast i naturen kan forårsake stor skade om dei kjem på avvegar og er ei trussel mot naturmangfaldet. Dei plantane som utgjer den største trusselen kallast framande artar eller svartelista plantar.

Det finst ei eiga forskrift om framande organismar som fastset eit alminneleg aktsemdskrav som pålegg den som innfører, set ut eller omset organismar, å opptre aktsemd for å hindre at aktiviteten medfører uheldige følgjer for det biologiske mangfaldet.

Framandartslista inneheld alle framande artar som er registrert i norsk natur, og graden av økologisk risiko for dei ulike artane. Det er spesielt dei artane med høg og svært høg risiko vi må vere merksame på, og aktivt nedkjempe der vi kan.

Førekomstar av framande artar finst på Artskart, men svært mange er ikkje kartfesta. Du kan sjølv registrere førekomstar inn på artsobservasjoner.no. Her er det òg mogleg å leggje inn bilete, slik at registreringa lettare kan verifiserast.

 

Forsvarleg behandling av plantar som skal kastast

Om du bestemmer deg for å grave opp og kaste plantar som definerast som framande eller svartelista, er det riktig at desse handterast på ein forsvarleg måte. Desse plantane spreier seg aggressivt, er livskraftige og dannar tette bestandar som fortrengjer andre vekstar. Slike plantar må ikkje kastast i matavfallsdunken, men små mengder kan gå i restavfallsdunken, eller leverast til avfallsmottak. Desse skal ikkje kastast i lag med vanleg hageavfall. Pakk det i ein tett pose og lever på Simas sine miljøstasjonar. Har du plass i restavfallsdunken din heime, kan du hive svartelista artar der. Ved å nytte tett pose, kan du hindre at plantar frå hagen din truar det biologiske mangfaldet.

Døme på svartelista hageplantar:

Slirekneplantane, eks. parkslirekne

Rynkerose

Hagelupin

Blankmispel

Haustberberis

Fagerfredløs

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Prosjektingeniør
E-post
Telefon 95 20 96 73