Årdal kommune har fått Miljøfyrtårn sertifikat på Rådhuset. Arbeidet fortsetter vidare med kontinuerleg forbetring og vidare sertifiseringar i Årdal kommune. Målet er at så mangen som muleg av kommunens områder blir sertifisert i åra framover.
Sist endra 10.04.2024 12:13
Miljøfyrtårn er viktig fordi klimaendringar er vår tids største utfordring, og behovet for synlege verkemiddel i klimapolitikken er veksande. Miljøfyrtårn er eit konkret og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, der målet er å heva miljøprestasjonane.
For mange kommunar er Miljøfyrtårn eit konkret verkemiddel for å møta klimautfordringane lokalt, både ved å rydda opp i eiga bakgård - og som eit næringpolitisk tiltak.
Gjennom styringsverktøyet legg Miljøfyrtårn også til rette for verksemder som vil laga policy og mål, tiltak og klimarekneskap. Dermed får kommunar i Noreg eit klart og tydeleg verktøy i den lokale klimapolitikken.
Har du innspel til Miljøfyrtårsertifiseringa?
Elektronisk skjema for innsending av innspel