Motto:
Ein stad å lære
Å ha noko å gjere
Ein stad å vere
Ungdomsklubbar:
Det er ein ungdomsklubb i Øvre Årdal og ein på Årdalstangen.
Ungdomsklubben i Øvre Årdal
Denne heiter Kjedlar`n og er lokalisert i kjedlaren på kulturhuset. Det er inngang frå Farnesvegen (på nedsida av kulturhuset). Aldergrensa i Kjedlar'n er fra 8.klasse og opp til 19 år
Mekken på Årdalstangen
Me held til i Sandgota 9. Det er inngang i døra mot tangen sentrum ( Me skal bestille skilt slik at det blir enklere å finne vegen)
Aldersgrensa på Mekken er fra 7.klasse og opp til 19 år
Pris:
Medlemskort for klubbåret kostar kr 200,-, du har da gratis inngang til begge klubbane.
Er du ikkje medlem, koster det kr. 10,- kvar gong. Det vert utarbeidd eigen aktivitetsplan med ulike aktiviteter.
Begge klubbane har billiard , musikkanlegg og kjøkken so me kan laga mat.
Me har fått innvilga penger i 2024 av ungdom og fritid og all mat og drikke er gratis ut året.
Følg oss gjerne på sosiale medier for oppdatering og for å få eit innblikk i ungdomsklubbane i Årdal
Reglene for bruk av ungdomsklubbane : Reglar ungdomsklubben godkjent av ungdomsråd (DOCX, 125 kB)
Musikkrommet :
Musikk rommet vårt er lokaliser i ungdomsklubben Kjedlar’n og er tilrettelagt til bruk for musikk øving.
Musikkrommet innheld alt ein treng for ei god øving.
Her kan ein få utfolde seg med musikk heilt GRATIS
Ein kan øve når ein vil men ein må ta kontakt med undertikna for å få øvingstid , skrive under kontrakt og få nøkkel
Ein treng ikkje vere medlem i ungdomsklubbane for å bruke rommet Dette er eit rom for alle barn og unge i Årdal!
Rutiner for bruk av musikkrommet : Musikkrommet rutiner (PDF, 122 kB)
Fritidstilbod:
Tysdagsklubben
Lokalisert i kjedlaren i kulturhuset, (inngang frå Farnesvegen, på nedsida av kulturhuset) og er eit tilbod til ungdom og vaksne med psykisk utviklingshemming, Tysdagsklubben har medlemmer både frå Årdal, Lærdal og Aurland.
Pris:
Medlemskort kostar kr. 150.
Inngang: kr 10 kvar gong
Vi følgjer skuleruta når det gjeld opningstider.