Idrettskonsulent

Stillingens arbeidsområde

Idrettskonsulent i Årdal kommune er ein stilling som ynskjer å fremma idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Kontorplassen er på Kulturhuset i andre etasje i nærleik til biblioteket.  Det er hovudsakleg tre arbeidsområde som idrettskonsulenten har ansvaret for. 

Kommunikasjonsledd mellom kommunen og frivillig sektor.

Idrettskonsulentens kanskje viktigaste oppgåve er å halde ein tett dialog mellom idrettslaga og andre frivillige organisasjonar, og fremma deira interesser i kommunen. På denne måten er det enklare å ta opp saker og melde behov, og ikkje minst sikre at informasjonen treff dei rette personane i kommunen. Idrettskonsulenten sitt også i styret i Idrettsrådet og Friluftsrådet i Indre Sogn.

Anleggsutvikling og spelemidlar

Idrett, friluftsliv og aktivitet står sterkt i Årdal og dette er noko vi ynskjer å fortsette med i åra framover. Idrett, friluftsliv- og aktivitetsanlegg trengs og utviklast og rehabiliterast. Idrettskonsulenten er ein viktig part i dette arbeidet. Søknadar om spelemidlar kan vere komplisert og vanskeleg å utfylle pga retningslinjer og dokumentasjonskrav. Her kan idrettskonsulenten bidra med rådgjeving, støtte og hjelp til dette arbeidet.

Har du ein idé om eit prosjekt som kan bidra til at fleire vil driva med idrett, fysisk aktivitet eller friluftsliv? Da er det berre å ta kontakt.

Aktivitetar

Idrettskonsulenten er ein støtte og ressurs for lag og foreiningar og deira aktivitetar. På vegne av kommunen arrangera idrettskonsulenten fleire aktivitetar gjennom året. Aktivitetane er gjerne i skuleferiar for barn og unge, eller retta mot andre grupper i kommunen. Idrettskonsulenten er også ein aktiv ressurs for skule og barnehagar, vaksenopplæringa og andre institusjonar internt i kommunen.

Har du spørsmål?

Henrik Foss
Idrettskonsulent
E-post
Mobil 46 44 27 57