I tillegg vert det gjeve direkte stønad til løypekøyring og stønad til 17. mai komiteane.
Kulturmidlane vert tildelt to gonger i året med søknadsfrist 1. mars og 1. september. Grunnstønad vert kun tildelt ved første søknadsrunde.
Kven kan søke om kulturmidlar?
Kommunalt tilskot kan gjevast til alle lag som driv kulturarbeid innan kommunen. Aktivitetar for born og unge vert prioritert.
- kulturarbeid som vert drive regionalt kan og få stønad dersom det har positiv verknad for innbyggjarane i Årdal, og ikkje kjem inn under andre støtteordninger.
- stønad til tiltak som konsertar, utstillingar, kulturkveldar eller andre kulturaktivitetar (søknad må vere motteken seinast ein månad før aktiviteten vert avvikla).
- einskildpersonar som driv ein kulturaktivitet som kjem innbyggjarane i kommunen til gode, kan og motta stønad.
- Organisasjonar som arbeider for medlemane sine yrkesinteresser eller økonomiske interesser, samt partipolitiske organisasjonar, har ikkje rett til stønad.
- Det vil bli stilt strengare krav for tildeling til einskildpersonar og/eller der føremålet må karakteriserast som næring og/eller har eit kommersielt siktemål.
Kva kan du søke om?
Grunnstønad
Alle lag og organisasjonar som driv kulturarbeid innan kommunen, og har minst 15 medlemer, kan søkje grunnstønad. Grunnstønaden vert kun tildelt ved første søknadsprosess med søknadsfrist 1. mars.
Grunnstønaden vert utrekna etter desse satsane:
Tilskot til arrangement, aktivitet, prosjekt og opplæring
I tillegg til grunnstønad, kan lag og organisasjonar søkje om stønad til arrangement og andre kulturtiltak, deltaking på kurs, eller spesielle prosjekt. Følgjande krav må vere innfridd:
- aktiviteten må vere med i laget sin årsplan.
- budsjett må vere lagt ved søknaden
- stønaden kan ikkje overskride 50% av kostnadene ved arrangementet
- ved deltaking på kurs/ konferansar kan 50% av kostnadene inntil kr. 6.000 verte dekt.
Nyskiping av lag
Lag som vert skipa kan søkje om stønad inn til kr 2.000.
Krav til søknaden
Alle lag som søkjer stønad pliktar å legge fram sine vedtekter, budsjett, rekneskap og medlemsliste som skiljer mellom over og under 18 år. Leiar må underteikne søknaden. Ufullstendige søknader vert ikkje handsama.
Dei som mottek kulturmidlar skal levere enkel rapport på bruk av midlane innan utgangen av tildelingsåret.
Søknadsskjema for kulturmidlar
Delegert avgjerdsmynde
Samla tildeling av kulturmidlar skal handsamast i formannskapet etter tilråding frå Utval for oppvekst og kultur, og dei vert lyst ut i media om lag 14 dagar før.
Rådmannen får delegert fullmakt til å handsame einskildsaker og tildele aktivitetsstønad og prosjektstønad på inntil kr. 10 000.
Registrering
Me oppmodar og at alle lag og organisasjonar registrerer seg på vår nye løysing.
Dette bør vere gjort før 1. april og innan sakshandsaming av søknad startar.