Søk om spelemidlar

Spelemidlane skal bidra til at ein større del av befolkninga får moglegheit til å drive med idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Du kan søke om spelemidlar til idrettsanlegg, friluftslivsanlegg og nærmiljøanlegg. 

Me er på jakt etter deg som har innspel frå lag og organisasjonar som er aktuelle i samband med bygging og rehabilitering av anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Anlegg kan og vere turstiar -løyper (inkl. merking) og kart.

Å legge til rette for at folk kan drive både organisert og eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø gir både livskvalitet og god folkehelse. For å vere med å finansiere slike anlegg kan det søkjast om spelemidlar.

Det kan søkast om spelemidlar til:

  • bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, friluftslivsanlegg og nærmiljøanlegg som er opne for allmenn idrettsleg virksomheit eller eigenorganisert aktivitet, og som ikkje er underlagt kommersielle interesser. 
  • Kjøp og innredning av eksistereande anlegg.
  • Universell utforming av eldre idrettsanlegg. 

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil ein tredjedel av godkjent kostnad til bygging, rehabilitering av ordinære anlegg og friluftslivsanlegg. 
Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.

Kven kan søke?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer.  Stiftinga kan ikkje søke. 

Søkere om tilskott av spelemidlar kan vere

  • Årdal kommune eller Vestland fylkeskommune 
  • Idrettslag under Norges idrettsforbund 
  • Lokale organisasjonar som driv med formål mot idrett, friluftsliv eller fysisk aktivitet. 
  • Aksjeselskaper, andelslag eller andre sammenslutningar som oppfyller krav til organisasjonsform. 

NB! Aksjeselskap, stiftingar og samvirkeforetak må søkje departementet om førehandsgodkjenning av vedtektene sine for å kunne søkje om spelemidlar.

Kordan søker du? 

Alle søknadar skjer via www.anleggsregistert.no. Her finn du også alt du treng å vite om søknadsprosessen. 

Det er viktig å starte søknadsprosessen tidleg for å sikre ein god søknad. Når du skal starte med søknaden er det viktig at du fyrst tar kontakt med kommunen. Sjå kontakt info nederst på denne siden. 
Gjennom kontakt med kommunen får du utlevert eit anleggsnummer som nyttast under registeringen av søknaden. 

 

Saksgang og viktige tidsfristar 

  • 15.06.2024: Kultur- og likestillingsdepartementet kunngjer opninga av  spelemiddelordninga.
  • 30.10.2024 Frist for å sende inn søknadar i anleggsregisteret. 
  • November 2024: Prioriteringsliste over årets søknadar sendast til Idrettsrådet og vidare opp til politisk behandling. 
  • 15.01.2025: Frist for ei samla oversending av kommunens spelemiddelsøknadar til fylkeskommunen. 

 

Nyttige lenker 

Anleggsregisteret

Info om søknadsprosessen

Søknadsskjema

Bestemmelser for tilskott til anlegg

Har du spørsmål?

Henrik Foss
Idrettskonsulent
E-post
Mobil 46 44 27 57