Tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter
Sidan 1979 har det vorte sett av midlar til løypetiltak og overnattingshytter i samband med den årlege fordelinga av overskotet frå Norsk Tipping som skal nyttast til idrettsføremål.
Desse midlane er øyremerkte nemnde føremål, og det er berre nokre særskilte søkarar som kan søke om midlar innanfor denne ordninga. Føremålet med midlane er å sikre at ålmenta fortsatt skal kunne ha tilgang til løyper og overnattingshytter som er viktige utgangspunkt for å kunne drive med fysisk aktivitet i ramma av friluftsliv
Sist endra 04.06.2024 11:25
Det kan søkast om tilskott til:
- Løypetiltak og overnattingshytter i fjellet
- Overnattingshytter ved kysten
- Overnattingshytter i låglandet
Det kan ikkje søkast tilskott til leige, tileigning av grunn, vegar med parkeringsplassar eller anna som ikkje er ein direkte kostnad mot prosjektet.
Sikringshytter og løypetiltak kan søke om tilskot inntil 50% av godkjent kostnad med ein maksimal totalkostnad på kr 1 000 000.
Overnattingshytter kan søke om tilskot inntil ⅓ av totalkostnad. Maksimalt tilskotbeløp
er kr 4 000 000.
Nedre grense for godkjent kostnad er kr 150 000 for overnattings- og sikringshytter
og kr 20 000 per løypetiltak.
Kven kan søke?
Søkarar om tilskot til løypetiltak og overnattingshytter i fjellet kan vere
- Foreiningar tilslutta Den Norske Turistforening (DNT).
- Andre frivillige foreiningar med tilsvarande føremål som DNT.
- Fjellstyre (jf. fjellova) For samanslutningar som fell innunder kulepunkt to over, skal vedtektene førehandsgodkjennast av departementet.
Søknadsprosess
Før ein kan søke om tilskot til eit anlegg, må anlegget registrerast i anleggsregisteret. Dette kan du få gjort ved å ta kontakt med kommunen. Sjå kontaktinformasjon nederst på denne siden. Søknader om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter må sendast inn innan 1. november 2024. Søknadsskjema finst på www.anleggsregisteret.no. Når søknaden er fullstendig utfylt, inkludert aktuelle vedlegg, vert den sendt elektronisk til DNT.
Nyttige lenker
Anleggsregisteret
Info om søknadsprosessen
Søknadsskjema
Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter