I Årdal kommune har me tradisjon for å samla inn forslag frå publikum og utnemne nokon til Årets Årdøl, Kulturprisen og med Ungdommens kulturstipend.
Årets Årdøl
Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år. Personar eller grupper som har profilert Årdal på ein god måte kan motta prisen.
Les meir om Årets Årdøl i retningslinjene her. (PDF, 554 kB)
Kulturprisen
Prisen vert gjeven til einskilde personar eller organisasjonar som har tilknyttning til kulturlivet i kommunen. Dette kan vera på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller annan nærmiljøarbeid.
Les meir om Kulturprisen i retningslinjene her. (PDF, 554 kB)
Ungdommens kulturstipend
Ungdommens kulturstipend i Årdal kommune skal delast ut til ein ungdom eller gruppe/lag
mellom 13 og 20 år som har markert seg med god ferdigheit eller fordjupning på eit område
innanfor det utvida kulturbegrepet.
Les meir om Ungdommens kulturstipend i retningslinjene her. (PDF, 568 kB)
Har du forslag til kandidatar?
Skjema inaktivt, vert tilgjengeleg igjen til neste år.
Sist endra 28.10.2024 11:53