Om du har meldt folkeregistrert flytting til Årdal får du velkomstbrev i posten og tilbod om å motta velkomstpakke.
Velkomstpakka – ein bit av Årdal
Årdal kommune og lokale bedrifter bidreg til innhaldet i velkomstpakken til nye innbyggjarar. Ta kontakt med tilflyttarkontoret for å få velkomstpakka som blant anna informasjon om Årdal og gåvekort frå kafear, senteret, Årdal Gym, kino, friluftsbasseng, restaurantar, Bulder&Brak og mykje meir.
Årdal kommune tek forbehald om at innhaldet kan variere i forhold til kva avtalar som er gjort med bedrifter.
Årdal kommune ønskjer deg hjarteleg velkommen til verda og bygda. Gratulera så mykje til dei flotte foreldra dine som har vald at akkurat du skal bli Årdøl.
Om du/de nyleg har fått baby, får de utdelt ein babypakke ved Årdal Helsestasjon frå tilflyttarkontoret som inneheld gåvekupongar frå lokale bedrifter i Årdal.
Årdal kommune tek forbehald om at innhaldet kan variere i forhold til kva avtalar som er gjort med bedrifter.
Om de har fått eit tredje barn (eller fleire) vil de få ei utvida babypakke. Denne inneheld gåvekupongar og gåvekort frå Garanti og Årdal Reinhaldsservice på 10 timar reinhaldstenester i heimen.
På grunn av overgang til Simas i 2024 er det ikkje lengre mogleg å få større bosdunk som del av «Det tredje-barnet» pakken. Denne går ut til fordel for kupongar til gratis inngang i svømmebassenga.
Årdal kommune tek forbehald om at innhaldet kan variere i forhold til kva avtalar som er gjort med bedrifter.