Ynskjer du å flytte til Årdal?
Sist endra 09.10.2023 13:31
Årdal kommune sitt tilflyttarkontor er ei teneste som kan hjelpe deg med spørsmål du har om å bu og leve i bygda vår. Kontoret hjelper til med stort og smått om arbeidsmarknaden, fritid, oppvekst og kommunale tenester.
Ingen spørmål er for store eller små - me ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkommen.
Ved tilflyttarkontoret kan du bli knytt opp mot kontaktar i næringslivet og få betre oversikt over kva kompetanse offentlege og private bedrifter er på utkikk etter. Du vil bli godt mottatt i Årdal, og me kan vere til nytte når det gjeld å kome i kontakt med ulike organisasjonar og å skape sosiale nettverk på fritida.
Følg tilflyttarkontoret på Instagram - Tilflyttarkontoret og Facebook - Tilflyttarkontoret i Årdal for siste nytt om livet i Årdal kommune