Etablerer- og kunnskapsprøve

Skal du vere dagleg leiar på ein serveringsstad og serverer mat og drikke (til dømes restaurant, pub eller bar, kafé, kiosk eller gatekjøkken, bensinstasjon, mobile vogner), må du ha bestått etablerarprøve etter lov om serveringsvirksomhet.

Dette er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkoholloven.
Etablerarprøven skal sikre at du som ansvarleg for ein serveringsstad har nødvendig kunnskap om økonomistyring og lovgiving.

Skal du vere styrar, avløysar for styrar eller kontrollør må du ha dokumentert kunnskap om alkoholloven, forskrifter og reglar. Da må du ta kunnskapsprøven som du kan lesa om her. Klarer du kunnskapsprøven så er kravet innfridd. Du kan ikkje søkje om nytt løyve før både styrar og avløysar for styrar har klart kunnskapsprøven.

Det betyr at:

  • Alle serveringsstader som serverer mat og alkoholfri drikke, må ha ein dagleg leiar som har bestått ei etablererprøve.
  • Alle butikkar med salsløyve og alle serveringsstader med skjenkeløyve må ha ein styrar og en vikar for styrar som har bestått kunnskapsprøven.
  • Alle som ønsker det kan ta etablerarprøven og kunnskapsprøven. Du må ha bestått kunnskapsprøven for å søke om sals- og skjenkeløyve.

Det er tre typer kunnskapsprøver:

  • for salsløyve (alkoholhaldig drikk i gruppe 1) – til dømes butikkar
  • for skjenkeløyve (alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3) – til dømes restaurantar, pub eller bar, utestad
  • for kontrollørar

Praktisk informasjon

Skal du ta kunnskapsprøven eller etablererprøven, tek du kontakt med kommunen på telefon 57 66 50 00 for å avtale tidspunkt. Prøven er elektronisk. Gyldig legitimasjon må visast fram på prøvedagen. Når prøven er ferdig, vil du få informasjon om du har klart den eller ikkje.

Gebyret for å ta prøven er kr 400,-. Dette vert fakturert i etterkant frå økonomiavdelinga.

Læremateriell for etablererprøven er utarbeidd av VINN-senteret i Narvik (Veiledningsinstituttet i Nord-Norge) og må tingast av den enkelte som du finn via denne sida her.

Hjelpemiddel

  • Etablerarprøven: kun høve til å bruke lovsamling som du kan få låne
  • Kunnskapsprøve: kun lov å bruke ordbok
  • Mobiltelefon er ikkje lov å ha tilgang til under prøven

Klageadgang

Det er ikkje klageadgang i samband med etablerarprøven og kunnskapsprøvane, men alle kan ta prøven opp igjen så mange gonger det er behov for. Det må betalast nytt gebyr for kvar gang.

Heimel i lov

Forskrift om etablererprøve for daglig leder av serveringssted. 
Lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)
Lov om omsetning av alkoholholdig drikk med vidare (alkoholloven)
Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk med vidare (alkoholforskriften)

Har du spørsmål?

Laila Røneid
Formannskapssekretær
E-post
Mobil 95 27 71 45