Den som har fått tildelt sals- eller skjenkeløyve har ansvar for at dette vert gjort på ein forsvarleg måte. Kommunen er ansvarleg for gjennomføring av kontrollar på sals- og skjenkeløyver, i tillegg skal det gjennomførast kontrollar på smittevern og tobakksal.
Kommunen har for 2022 og 2023 avtale med Securitas for å utføre lovbestemte kontrollar av butikkar, restaurantar, kafe, pub med fleire, for sjå til at alkohol og tobakksal er forsvarleg og i samsvar med regelverk.
Innhald i kontrollane:
- salskontrollar i butikkar
- skjenkekontrollar på restaurantar, barar, pubar
- tobakksal
- reklame
- råd og rettleiing i driftsperioden
Kommune får skriftleg rapport frå kontrollane. Løyvehavar får høve til å kommentere rapporten før kommune avgjer om forholdet utgjer eit brot på regelverket eller ikkje. Vert det vurdert som brot på alkohollova er kommunen plikta til å tildele prikkar.
Konsekvensar ved brot på regelverket finn du her.
Sist endra 17.01.2023 14:50