Endring av eksisterande løyve
Dersom du har eit sals- eller skjenkeløyve og vil gjere endringar i drifta, må du snarast søke kommunen om dette. Du kan ikkje endre drifta før kommunen har gjort vedtak om endring.
Søk om godkjenning av ny dagleg leiar, ny styrar og/eller ny avløysar for styrar her
Søk om endring av salsløyve her
Søk om endring av skjenkeløyve her
Du må søke om endringar dersom:
- Selskapet skiftar eigar eller gjere endringar i eigardelar.
- Du utvidar arealet inne eller ute:
- For serveringsløyve:
Du må legge ved ei skildring av arealet.
- For serverings- og skjenkeløyve:
Du må legge ved planteikning og tilkomstdokument.
- For salgsløyve:
Du må legge ved skildring av arealet og adkomstdokument
- Du har løyve innandørs, og søker om uteservering:
- For serveringløyve:
Du må legge ved skildring av arealet
- For serverings- og skjenkeløyve:
Du må legge ved planteikning og tilkomstdokument
- Du søker om utvida tid inne og ute:
- Ingen krav til dokumentasjon
utvida tid betyr opningstid for ein serveringsstad som ikkje skjenker alkohol. For ein stad som skjenker alkohol betyr det både opnings- og skjenketid. Skjenkinga skal alltid slutte ein halvtime før staden stenger, slik at gjestene får drukke ut. Utvida tid kan gjelde inne, ute eller både inne og ute
- Staden har fått ny dagleg leiar for eit serveringsløyve:
- Du må legge ved stadfesting på at ny dagleg leiar har bestått etablerarprøven.
- Staden har fått ny styrar:
- For sals- og skjenkeløyve:
Du må legge ved stadfesting på at ny styrar har bestått kunnskapsprøven.
Er den nye styraren ved ein skjenkestad også ny dagleg leiar for serveringsløyvet ved staden, må det også leggast ved stadfesting på bestått etablerarprøve.
- Staden har fått ny vikar for styrar:
- For sals- og skjenkeløyve:
Du må legge ved stadfesting på at ny vikar for styrar har bestått kunnskapsprøven
Om du endrar selskapsform vert det ikkje rekna som ei endring. Då må du søke om nytt serverings-, sals- eller skjenkeløyve ved å gå til denne sida her.
Utviding av den eksisterande løyvet for eitt enkelt høve
Kommunen kan for eit enkelt høve tillate at skjenkeløyvet vert utvida til å omfatte eit større areal enn det bestemte skjenkearealet som løyvet gjeld for. Vidare kan løyvet verte utvida til også å gjelde eit areal utanfor skjenkestaden eller i andre lokale. Eit eksempel på dette kan vere at skjenkestaden får utvida løyvet sitt for å kunne skjenke på eit arrangement, ein festival eller liknande. Skjenkestaden kan nytte sitt varelager og sine tilsette ved slike utvidingar. Det er løyvehavar som er ansvarleg for utøvinga av løyvet under arrangementet.
Dersom det vert avdekka brot i samband med eit utvida løyve for eit enkelt bestemt høve, vil dette kunne få konsekvensar for det ordinære løyvet. Løyvehavar kan få tildelt prikkar knytt til det ordinære løyvet for brot avdekt under eit arrangement der løyvet var utvida for eit enkelt bestemt høve.
Sist endra 17.01.2023 14:08