Serveringsløyve

Når treng du serveringsløyve?

Planlegg du å starte ein stad der det skal serverast mat eller drikke, må du ha serveringsløyve.

Korleis få serveringsløyve?

Korleis søke?

Send elektronisk søknad.

Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli handsama før alle nødvendige vedlegg er motteke. 

Vedlegg til søknad

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Firmaattest
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Dokumentasjon på dagleg leiar si tilsetting 
  • Kopi av melding til Mattilsynet

Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tar det?

Sakshandsamingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjere endringar undervegs i handsaminga av søknaden.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om serveringsløyve.

Meir informasjon finn du i Serveringsloven.

Har du spørsmål?

Laila Røneid
Formannskapssekretær
E-post
Mobil 95 27 71 45