Offentlege innkjøp

Årdal kommune gjennomfører sine innkjøp i samsvar med anskaffelsesloven med tilhøyrande forskrift og eige innkjøpsreglement. Målet for innkjøpsarbeidet i kommunen er å kjøpe og forvalte dei varer og tenester det er behov for på ein måte som fører til mest mogleg effektiv ressursutnytting for heile kommunen.

Grunnleggande prinsipp for innkjøp

  • Årdal kommune har som målsetting å ikkje konkurranseutsette kommunal tenester. Dersom administrasjonen vurderer at eit kommunalt tenestetilbod må settast ut på anbud skal det leggast fram sak for formannskapet.
  • Årdal kommune skal arbeide for at kommunen blir ein skatteparadisfri kommune. Alle innkjøp av varer og tenester, samt eventuell investeringar, som kommunen gjere aleine eller i lag med andre – skal skje med leverandørar som ikkje har tilknyting til skatteparadis
  • Under føresetnad av at ein er innanfor gjeldande reglar - skal ein fortrinnsvis nytte lokal leverandør
  • I relevante konkurransar vert det stilt krav om at leverandører er tilknytta ei lærlingordning, og at ein eller fleire lærlingar deltek i arbeidet med gjennomføringen av kontrakten som til dømes ved byggeprosjekt 
  • Seriøsitetskrav i offentlege anskaffingar for bygg og anleggsbransjen skal følgjast og vere innarbeidd i kommunen sine konkurransegrunnlag.