Bakgrunn for planen
Årdal kommune har gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel sett seg mål om å ha ein miljø-, klima‐ og arealpolitikk som sikrar dagens og komande generasjonar sitt behov og valmoglegheiter med ein berekraftig utvikling. Som eit grunnlag for å oppnå dei mål kommunen har sett seg i forhold til berekraft er det viktig at kommunen har oversikt over naturmangfaldet, samt miljø- og klimautfordringar i kommunen.
Det er mange truslar mot naturmangfaldet. På verdsbasis er nedbygging av areal den største, tett følgd av andre orsakar som ureining, for mykje hausting og spreiing av skadelege organismar. I framtida vil klimaendringar bli ein aukande trussel.
For at Årdal kommune skal kunne forvalte naturmangfaldet på ein god måte er det viktig at administrasjon og politikarar har oversikt over aktuelle lokale naturtypar, artar og deira leveområde og kva som påverkar dei og korleis ein kan unngå tap av naturmangfald.
Det er og viktig at kommunen med politikarane som vedtaksmyndigheit er med og påverkar kva vurderingar og verdsetting som skal gjerast i dei ulike utviklingssakene som kjem i konflikt med naturmangfaldet, kva avbøtande tiltak som skal prioriterast osv. Dette sjølvsagt innanfor rammene i lovverket.
Kommunane har ei nøkkelrolle som planstyresmakt i å sikre at naturen blir forvalta på ein god måte, og gjennom dette bidra til å stanse tapet av naturmangfald. Berekraftig bruk og forvaltning av naturen er avgjerande for å stanse tapet av naturmangfald.
Hovudmål med planen
Kommunedelplan for Naturmangfald skal vera eit kunnskapsgrunnlag for kommunen sin arealplanlegging, og i handsaming av enkeltsaker etter Plan- og bygningslova. Ein av hovudoppgåvene i planen vil vera å samanstille og synleggjere allereie eksisterande kunnskap om naturmangfaldet, spesielt med vekt på viktige naturtypar og sårbare artar.
Medverking
Årdal kommune ynskjer medverking, og vil legge ut informasjon om verkstader og møter fortløpande.
Bruk gjerne appen artsorakel allereie i dag, og registrer deg som brukar for å rapportere funn. Lenke til Artsorakel.
Vidare saksgang
Planarbeidet blir lagt ut på høyring, og endeleg planprogram skal behandlast i kommunestyret før oppstart av arbeidet.
Les planprogrammet her, og send inn høyringssvar til Årdal kommune.
Me ynskjer innspel på:
•Tema som bør dekkast i planen
•Område i kommunen som kan ha særskilde naturverdiar og som bør undersøkast nærare
•Kunnskapskjelder som kan vere relevante for arbeidet
•Aktørar det kan vere nyttig å samarbeide med, inkludert lokale kjendsfolk med interesse for og kunnskap om naturmangfald, som kunne tenkje seg å bidra.
Du kan sende svar til postmottak@ardal.kommune.no
eller brev til Årdal kommune, Statsråd Evensenveg 4, 6885 Årdalstangen.
Frist for høyringsvar er 10. desember 2024
Planprogram naturmangfald (PDF, 257 kB)