Naturmangfaldsplan

Kommunestyremøte 06.02.2025: Det vert varsla oppstart av planarbeidet, jf. Plan- og bygningsloven §§ 4-1 og 11-12.

Kommunestyret vil vurdere planprogram datert 24.10.2024 med heimel i §.11-13 i plan- og bygningslova, med kommunedirektørens justeringar som er kommentert i saksframlegget. 

Bakgrunn for planen

Årdal kommune har gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel sett seg mål om å ha ein miljø-, klima‐ og arealpolitikk som sikrar dagens og komande generasjonar sitt behov og valmoglegheiter med ein berekraftig utvikling. Som eit grunnlag for å oppnå dei mål kommunen har sett seg i forhold til berekraft er det viktig at kommunen har oversikt over naturmangfaldet, samt miljø- og klimautfordringar i kommunen.

Det er mange truslar mot naturmangfaldet. På verdsbasis er nedbygging av areal den største, tett følgd av andre orsakar som ureining, for mykje hausting og spreiing av skadelege organismar. I framtida vil klimaendringar bli ein aukande trussel. 

For at Årdal kommune skal kunne forvalte naturmangfaldet på ein god måte er det viktig at administrasjon og politikarar har oversikt over aktuelle lokale naturtypar, artar og deira leveområde og kva som påverkar dei og korleis ein kan unngå tap av naturmangfald.

Det er og viktig at kommunen med politikarane som vedtaksmyndigheit er med og påverkar kva vurderingar og verdsetting som skal gjerast i dei ulike utviklingssakene som kjem i konflikt med naturmangfaldet, kva avbøtande tiltak som skal prioriterast osv. Dette sjølvsagt innanfor rammene i lovverket.

Kommunane har ei nøkkelrolle som planstyresmakt i å sikre at naturen blir forvalta på ein god måte, og gjennom dette bidra til å stanse tapet av naturmangfald. Berekraftig bruk og forvaltning av naturen er avgjerande for å stanse tapet av naturmangfald.

Hovudmål med planen

Kommunedelplan for Naturmangfald skal vera eit kunnskapsgrunnlag for kommunen sin arealplanlegging, og i handsaming av enkeltsaker etter Plan- og bygningslova. Ein av hovudoppgåvene i planen vil vera å samanstille og synleggjere allereie eksisterande kunnskap om naturmangfaldet, spesielt med vekt på viktige naturtypar og sårbare artar.

Medverknad

Årdal kommune ynskjer medverking, og vil legge ut informasjon om verkstader og møter fortløpande. 

Bruk gjerne appen artsorakel allereie i dag, og registrer deg som brukar for å rapportere funn. Lenke til Artsorakel.

Vidare saksgang

Planprogram vert lagt fram til Kommunestyret 06.02.2025 med kommunedirektør sine justeringar.    

Planprogram naturmangfald (PDF, 257 kB)

Saksframlegg: Fastsetting_av_planprogram_naturmangfaldsplan_450631_9_A_2440427 (PDF, 95 kB)

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Prosjektingeniør
E-post
Telefon 95 20 96 73
Martin Ramsland Stensaker
Kommuneplanleggjar
E-post
Mobil 92 26 73 95