Detaljreguleringsplan for omsorgssenter på Årdalstangen - varsel om oppstart

Det vert med dette informert om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for nytt omsorgssenter på Årdalstangen. I samband med planarbeidet kan alle som ynskjer kome med innspel.

I 2022 vart det gjort ei vurdering av alternativ for plassering av omsorgssenteret. Norconsult vart engasjert av Årdal kommune sommaren 2023 for å utarbeide eit skisseprosjekt for omsorgssenteret, som vart ferdigstilt i starten av 2024. Sjå vedlegg nedst på sida. Reguleringsplanarbeidet går føre seg parallelt med arbeidet med forprosjektet for omsorgssenteret. 

Frist for å sende inn innspel til varsel om oppstart var 18. november 2024.

Reguleringsplan

Framleggsstillar for reguleringsplanen er Årdal kommune. Planarbeidet gjennomførast av Norconsult AS og Årdal kommune. 

Planområdet

Planområdet omfattar eigedommane gbnr. 5/1, 4/13, 4/33, 5/66 og 5/67, som er lokalisert i den nordlege delen av sentrum på Årdalstangen (sjå kart lenger ned). Arealet grensar i vest og aust til Hæreidselvi og Tangevegen, og i sør og nord til rådhus/samfunnshus og kyrkje. Planområdet dekkjer eit areal på om lag 20 dekar.

Planstatus 

Arealet er sett av til sentrumsformål i kommuneplanen for Årdal kommune. I vedteken kommuneplan er gjeldande reguleringsplanar vidareførte. Området er regulert til friområde og kombinert formål forretning/bustad i gjeldande reguleringsplaner for staden, Årdalstangen sentrum, 1993 (planid.: 4643_1424-1993002) og Årdalstangen sentrum, 1997 (planid.: 4643_1424-1997001). Kommuneplanens samfunnsdel blei vedteken i 2022 og inneheld konkrete mål og strategiar innan helse- og omsorgsfeltet som har direkte samanheng med planarbeidet. Dette inkluderer blant anna satsing på utvikling av bygningsmassen, å skape gode arbeidsplassar og eit gjennomgåande fokus på samordning/samlokalisering av tenestetilboda for å effektivisere drifta og redusere kostnader.

Hovudmålet med planarbeidet

Hovudformålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av eit velfungerande omsorgssenter på Årdalstangen, for å møte utfordringane knytt til ei aukande mengd eldre og pleietrengande, samt færre sysselsette i åra som kjem. Planen skal også leggje til rette for privat og offentleg uteopphaldsareal/friområde tilpassa ulike brukargrupper.

Detaljreguleringsplanen med tilhøyrande dokument vil omfatte:

1) Plankart med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-3 i plan- og bygningslova

2) Planomtale som beskriv planens formål, hovudinnhald og verknader, samt planens forhold til rammer og retningslinjer som gjeld for området, i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova

3) Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningslova

Merknadar/uttalar og spørsmål

For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:

Martin R. Stensaker

Telefon: 922 67 395

E-post: martin.ramsland.stensaker@ardal.kommune.no

Dersom du har merknadar til planen, supplerande opplysningar, synspunkt eller anna informasjon som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du sender dette inn til postmottaket for Årdal kommune:

postmottak@ardal.kommune.no

Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Frist for å sende inn merknadar er sett til 18. november 2024.

Vidare saksgang

Planområdet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta for konsekvensutgreiingar med tilhøyrande særskilte utgreiings- og handsamingsreglar. Notat med vurdering av planarbeidet opp mot forskrifta for konsekvensutgreiingar er utarbeidd og ligg vedlagt. 

  • Det skal utarbeidast planframlegg med tilhøyrande ROS-analyse. 
  • Kommunen fremjar og legg planframlegget ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredsstillande. I samband med gjennomføring av offentleg ettersyn, er det mogleg å kome med merknader og gje supplerande informasjon til planframlegget. Eventuelle merknader/supplerande informasjon vil bli vurdert av kommunen i samband med den vidare handsaminga av planen.
  • Til slutt vil planframlegget bli teke til slutthandsaming for vedtak/godkjenning.

 

KU-vurdering for detaljreguleringsplan nytt omsorgssenter Årdalstangen (1) (DOCX, 1020 kB)

Alternativvurdering (PDF, 3 MB)

Skisseprosjektrapport omsorgssenter (PDF, 7 MB)

Kart som viser avgrensing av planområdet for omsorgssenter på Årdalstangen - Klikk for stort bilete

Har du spørsmål?

Martin Ramsland Stensaker
Kommuneplanleggjar
E-post
Mobil 92 26 73 95